Rollesprell S01E04
Rollesprell S01E04

Rollesprell S01E04: NIFS – Nissen på lasset

«La oss gi deg denne sjansen, Trym. I dag er din dag!»

Etter å ha spurt seg rundt i kjøpesenternissemiljøet i Oslo er gjengen attende på Gunerius for å finne spor av kven som drap den nye nissen der. Kan det vere nissens hjelparar? For ein gong skuld får Trym lov av Linda og Ylva til å bestemme framgangsmåte.

NIFS – Norsk Interkommunal Fabelvesensikring – er eit hemmeleg, statleg organ laga for å beskytte og ta seg av fabeldyra i nasjonen. Nokre av dei mytiske vesena er enkle skadedyr, andre lever i skjul for menneskemengdene i samarbeid med oss, men mange er farlege og dukkar opp når ein minst ventar det.

Takk til herlege Tusmørke for bruken av vignettlåta «Ekebergkongen», frå albumet «Ført bak lyset».

Rollesprell er vår versjon av «actual play»-formatet som du kanskje har høyrd i show som The Adventure Zone, Friends at the Table eller Critical Role. Du kan høyre oss annakvar veke på iTunes eller RadCrew.net. Følg vår Facebook eller Twitter for nye episodar, klipp, karakterark og mykje anna.

Play