«Enige og tro til Dovre faller!»

Men korleis blei eigentleg NIFS til? Det undersøker vi i denne episoden av Rollesprell, der vi tek for oss starten med dei mektige magikarane Asbjørnsen & Moe, vidare til overgangen frå 1800-talets Fabelfut, til notidas statlege etat.

Denne gongen speler vi det prisvinnande spelet Microscope, eit rammeverk for bakgrunnshistorier som vi brukar til å byggje opp NIFS si historie. Du treng ikkje kunne nokre reglar for å høyre på!

Vi brukte Trello som arbeidsverktøy for å samle tankane våre undervegs.

Vi brukte Trello som arbeidsverktøy for å samle tankane våre undervegs.

NIFS – Norsk Interkommunal Fabelvesensikring – er eit hemmeleg, statleg organ laga for å beskytte og ta seg av fabeldyra i nasjonen. Nokre av dei mytiske vesena er enkle skadedyr, andre lever i skjul for menneskemengdene i samarbeid med oss, men mange er farlege og dukkar opp når ein minst ventar det.

Takk til herlege Tusmørke for bruken av vignettlåta «Ekebergkongen», frå albumet «Ført bak lyset».

Rollesprell er vår versjon av «actual play»-formatet som du kanskje har høyrd i show som The Adventure Zone, Friends at the Table eller Critical Role.

Du kan høyre oss annakvar veke på iTunes eller RadCrew.net. Følg vår Facebook eller Twitter for nye episodar, klipp, karakterark og mykje anna.