Rollesprell – Norsk Interkommunal Fabelvesensikring
Rollesprell – Norsk Interkommunal Fabelvesensikring

Rollesprell S01E01: NIFS – Mattilsynets musketerar

«Mattilsynet?»

NIFS – Norsk Interkommunal Fabelvesensikring – er eit hemmeleg, statleg organ laga for å beskytte og ta seg av fabeldyra i nasjonen. Nokre av dei mytiske vesena er enkle skadedyr, andre lever i skjul for menneskemengdene i samarbeid med oss, men mange er farlege og dukkar opp når ein minst ventar det.

I denne organisasjonen er det mange agentar – men vi følgjer Ida som speler den surmulete veteranen Linda Snes, Herman som den regeltro nykomaren Ylva Hammer, og Jens Erik som konspirasjonsteoretikaren Trym Grindemur.

Andreas Hadsel Opsvik er spelleiaren som tek Ida Joynt, Jens Erik Vaaler og Herman S. Lilleng gjennom rollespel av ulike slag. No speler vi det Buffy/Men in Black-inspirerte systemet Monster of the Week. Du treng ikkje kunne nokre reglar for å høyre på!

Takk til herlege Tusmørke for bruken av opningslåta «Ekebergkongen», frå albumet «Ført bak lyset».

Dette er vår versjon av «actual play»-formatet som du kanskje har høyrd i show som The Adventure Zone, Friends at the Table eller Critical Role.

Du kan høyre oss annakvar veke på iTunes eller RadCrew.net. Følg vår Facebook eller Twitter for nye episodar, klipp, karakterark og mykje anna.

Play