Rollesprell – Norsk Interkommunal Fabelvesensikring
Rollesprell – Norsk Interkommunal Fabelvesensikring

Internposten: Velkommen til NIFS!

Det er tysdag, agent, velkomen til din første dag i Norsk Interkommunal Fabelvesensikring.

Som du veit er vi ein offentleg etat meint til å sikre, verne og ha dialog med dei ulike grupperingane av overnaturlege vesen i Noreg. Du veit sjølvsagt også at alt vi gjer her er strengt hemmelegstempla. Om du lurar på kva du skal fortelje til vener og kjende om den nye jobben din, sjå vedlegg 8.1.1 «Det heiter Bravida» for forslag – det er ein god inngang til introduksjonskurset du får i løpet av den første veka.

Det finst mange vegar inn i NIFS, og i tida di her vil du møte mange folk som har funne med ulik bakgrunn. Her følgjer vitnesbyrd frå tre av våre agentar i Oslo-avdelingas Gruppe 4, som fortel om sine erfaringar:

Trym Grindemur

IKT-feltlærling, 19 år frå Nesodden.

Trym gjekk framleis på skulen då han fann oss vi fann han. For tida er han i ei delt rolle mellom IT-avdeling og feltagentane. Ein gong fiksa han ein printer ved å taste inn noko på ein kalkulator, ingen veit korleis han gjorde det.

– Hei, Trym. Korleis er det å vere yngstemann i heile etaten?
– Eg er 19, altså.

Ylva Hammer

Nyleg overført frå Oslo Politikammer, 35 år frå Bardufoss.

Ylva hadde ei stormkarriere i militæret, før ho gjekk inn i rolla som einingsleiar for operativ teneste på Austlandet. Hennar favorittfilm er dokumentaren Hot Fuzz.

– Hei, Ylva. Korleis har det seg at du klarte å gjennomføre førstegangstenesta på tre og ein halv månad?
– En liten rettelse der, sjef. Det var to komma fem månader.

Linda Snes

Ein veteran i etaten, mest sannsynleg i 60-åra frå Oslo.

Arkivet vårt startar artig nok frå dagen etter ho hevdar å ha fått jobb i etaten, så vi finner ikkje kontrakta hennar. Men ho kjem på jobb kvar dag, så vi kan liksom ikkje gj Vi er veldig glade for å ha hennar erfaring med på laget, og ho er den einaste Oslo-losen gidd å snakke med no for tida.

– Hei, Linda, kva er…?
– Gå vekk, Gaute.

Vi ser fram til å bli betre kjend med deg, og håper du kjem på lønningspilsen på Schouskjelleren Egon Byporten neste tysdag. Det vert ei uformell reise gjennom NIFS si historie.

Med venleg helsing,
Gaute Keino
Direktør for Human and Superhuman Resources
Norsk Interkommunal Fabelvesensikring

Andreas Hadsel Opsvik leder Ida Joynt, Jens Erik Vaaler og Herman S. Lilleng gjennom rollespel av ulike slag. No speler vi det Buffy/Men in Black-inspirerte systemet Monster of the Week. Du treng ikkje kunne nokre reglar for å høyre på!

Rollesprell er vår versjon av «actual play»-formatet som du kanskje har høyrd i show som The Adventure Zone, Friends at the Table eller Critical Role.

Du kan høyre oss annakvar veke på iTunes eller RadCrew.net. Følg vår Facebook eller Twitter for nye episodar, klipp, karakterark og mykje anna.